Gi innspel

Alle som ynskjer er velkomne til å koma med skriftlege innspel til utvalet. Utvalet ynskjer fyrst og fremst konkrete innspel om kva som fungerer godt og kva som er dei største utfordringane ved dagens reglar om kulturminner og kulturmiljø. Utvalet mottek også gjerne forslag til korleis reglane kan bli forbetra. Innspela bør ikkje vere på meir enn tre sider. Innspel kan gis i feltet under eller sendast til kulturmiljolovutvalget@kld.dep.no innan 1. februar 2023.