Møter og aktivitetar

Gje skriftlege innspel til utvalet

Alle som ynskjer er velkomne til å koma med skriftlege innspel til utvalet. Utvalet ynskjer fyrst og fremst konkrete innspel om kva som fungerer godt og kva som er dei største utfordringane ved dagens reglar om kulturminner og kulturmiljø. Utvalet mottek også gjerne forslag til korleis reglane kan bli forbetra. Innspela bør ikkje vere på meir enn tre sider. Innspel kan gis under fana «Innspel» eller sendast til kulturmiljolovutvalget@kld.dep.no innan 1. februar 2023.

Sjå strøyminga av Kulturmiljølovutvalets innspelsmøte

Kulturmiljølovutvalet heldt den 11. januar eit innspelsmøte for organisasjonar og verksemder som har praktisk erfaring med kulturmiljøregelverket. Føremålet med møtet var å få kunnskap om kva som opplevast som utfordringar ved dagens lov, og idear om korleis utfordringane eventuelt kan løysast i ein ny kulturmiljølov.

15 ulike organisasjonar og verksemder deltok på møtet og kom med nyttige innspel som utvalet tek med seg i det vidare arbeidet. Takk til dei som var med!

Kulturmiljølovutvalet på innspelsmøtet.
Nokre av organisasjonane i aksjon under innspelsmøtet. Foto: Martine M. T. Sande

Program for møtet og opptak frå strøyminga kan du sjå her: