Kulturmiljølovutvalet er eit offentleg lovutval sett ned av Kongen i Statsråd 22. juni 2022. Utvalet skal gjere ein full gjennomgang av gjeldande kulturminnelov og regulering av kulturmiljø i andre lover, og lage eit forslag til ei ny lov om kulturmiljø. Utvalet skal levere utreiinga si innan 1. februar 2025.
Overlevering av NOU frå Kulturmiljølovutvalet
Måndag 24. mars 2025 skal Kulturmiljølovutvalet overlevere NOU om ny kulturmiljølov til klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Overleveringa går føre seg i Marmorhallen i Klima- og miljødepartementet kl. 09.00. Ho blir strøyma på regjeringen.no.
Dei som ønskjer å vere til stades, må førehandsregistere seg innan fredag 21. mars kl. 12.00 til Jan-Mathys.Truyen@kld.dep.no.