Kulturmiljølovutvalet

Kulturmiljølovutvalet er eit offentleg lovutval vald av Kongen i Statsråd 22. juni 2022. Utvalet skal gjera ein full gjennomgang av dagens kulturminnelov og regulering av kulturmiljø i andre lover, og laga eit forslag til ei ny lov om kulturmiljø. Utvalet skal levera utreiinga si innan 1. september 2024.