Skriftlege innspel til utvalet
Utvalet har mottatt 62 skriftlege innspel i innspelsrunden som blei avslutta 1. februar. Vi takkar for innspelene. Dei er alle blitt gjennomgått, og er nyttige bidrag til utvalet sitt vidare arbeid. Innspela er publiserte under fana innspel.
Sjå strøyminga av Kulturmiljølovutvalets innspelsmøte
Kulturmiljølovutvalet heldt den 11. januar eit innspelsmøte for organisasjonar og verksemder som har praktisk erfaring med kulturmiljøregelverket. Føremålet med møtet var å få kunnskap om kva som opplevast som utfordringar ved dagens lov, og idear om korleis utfordringane eventuelt kan løysast i ein ny kulturmiljølov.
15 ulike organisasjonar og verksemder deltok på møtet og kom med nyttige innspel som utvalet tek med seg i det vidare arbeidet. Takk til dei som var med!


Program for møtet og opptak frå strøyminga kan du sjå her: