Endringar i mandatet til Kulturmiljøutvalet
Kulturmiljølovutvalet har fått utsett fristen for å levere utgreiinga si. Ny frist er 1. februar 2025.
Det er også gjort endringar i utvalet sitt mandat. Den delen som gjeld regelverk om utførsel, innførsel og tilbakelevering av kulturgjenstandar, i dag er regulert i kulturminnelova §§ 23-23f, er av tidsomsyn teke ut av mandatet. Utvalet er likevel bedt om å ta stilling til om dette regelverket bør være del av kulturmiljølova, eller være regulert i ei eiga lov.
Skriftlege innspel til utvalet
Utvalet har mottatt 62 skriftlege innspel i innspelsrunden som blei avslutta 1. februar. Vi takkar for innspela. Dei er alle blitt gjennomgått, og er nyttige bidrag til utvalet sitt vidare arbeid. Innspela er publiserte under fana innspel.
Studietur til Finnmark
Kulturmiljølovutvalet var 21. til 23. juni på studietur i Finnmark. Formålet med turen var å møte Sametinget og å få nærare kunnskap om samisk kulturmiljø, kvensk kulturmiljø og verdsarv og korleis dagens kulturminnelov fungerer som reiskap for å ta vare på desse kulturminna og kulturmiljøa. Turen gjekk frå Alta til Karasjok, Tana Bru, Nesseby og til Vadsø.
Ved Alta museum – Verdsarvsenter for bergkunst i Hjemmeluft fekk utvalet sjå bergkunsten, som er freda og som står på UNESCOs verdsarvliste. Utvalet møtte også representantar frå museet og verdsarvkoordinatorene for Bergkunsten i Alta og for Struves Meridianbue.
På vegen til Karasjok stoppa utvalet ved det arkeologiske fangstgropanlegget ved Jalgesvárri og offerringen ved Jergul.
I Karasjok besøkte utvalet Sametinget og hadde møte med sametingspresidenten Silje Karine Muotka, rådsmedlem Hans Ole Eira og representantar frå kulturmiljøforvaltninga. Tema for møta var Sametingets arbeid med samisk kulturmiljø og erfaringar med dagens kulturminnelov.
I Fanagieddi/Båteng i Tanadalen fekk utvalet synfare eit samisk bygningsmiljø med fleire freda bygningar frå før 1917, som er den samiske fredingsgrensa. Kulturmiljøforvaltninga i Sametinget og eigaren av garden orienterte om bygningane, og om utfordringar med å forvalte dei. Dagen blei avslutta med kveldsmøte i Tana Bru. Ordførar Helga Pedersen i Tana kommune delte kommunens perspektiv på vern av kulturmiljø.
Utvalet besøkte også Mortensnes kulturminneområde i Nesseby kommune. Området er eit av dei rikaste og mest særprega kulturminneområda i Skandinavia, med spor etter buplassar og andre samiske kulturminne frå dei siste 10 000 åra. Varanger Samiske Museum ga ei orientering om kulturminna og forvaltninga av dei, og ei omvising på området.
På Vadsø museum – Tuija kvenmuseum fekk utvalet ei omvising i museets utstilling om kvener/norskfinner og hadde møte med museet. Representantar frå kulturmiljøforvaltninga i Troms og Finnmark fylkeskommune og ordførar i Vadsø, Wenche Pedersen, var med på møtet og delte sine erfaringar med dagens lovverk og forvaltninga av kulturmiljø generelt. Besøket blei avslutta med synfaring av dei to kvenske gardane Bietilægarden og Tuomainengarden i Vadsø, som begge er freda etter kulturminneloven.
Kulturmiljølovutvalet retter ein stor takk til alle som tok imot oss og sørga for at det blei ein lærerik og nyttig tur!
Studietur til Sogn
Kulturmiljølovutvalet var 13.-14. april på studietur til Sogn. Vi besøkte Kaupanger stavkyrkje og Kaupanger hovedgård, gravhaugar i Kaupanger og Urnes, Urnes stavkyrkje, strandsitjarmiljøet på Solvorn og Lærdal/Øyri. Turen ga verdifulle inntrykk som vert nyttige i lovarbeidet. Møter med lokal og regional forvaltning, private eigarar og andre engasjerte formidlarar gav nyttige innspel som saman med kulturmiljøopplevingane gjev utvalet gode utgangspunkt for dei vidare drøftingane.
Sjå strøyminga av Kulturmiljølovutvalets innspelsmøte
Kulturmiljølovutvalet heldt den 11. januar eit innspelsmøte for organisasjonar og verksemder som har praktisk erfaring med kulturmiljøregelverket. Føremålet med møtet var å få kunnskap om kva som opplevast som utfordringar ved dagens lov, og idear om korleis utfordringane eventuelt kan løysast i ein ny kulturmiljølov.
15 ulike organisasjonar og verksemder deltok på møtet og kom med nyttige innspel som utvalet tek med seg i det vidare arbeidet. Takk til dei som var med!
Program for møtet og opptak frå strøyminga kan du sjå her: